Snøhetta forlag a.s vart etablert i 1993 av Arnfinn Kjelland og Bjarne Fossøy (1944-2024). Dei første prosjekta forlaget involverte seg i var den fjerde boka i serien Ordhittug døl av Audun Høgbrenna og kokebokprosjektet til Lesja bygdekvinnelag, som vart gjeve ut i 1995 med tittelen Mat frå gard og grend. Seinare har vi gjeve ut ei lang rad bøker, eigne (sjå lista over eigne bøker) og for andre utgjevarar.
I 1996 vart Arnfinn så kontakta av Lom kommune i samband med at bygdebokforfattaren, Jon Kolden, døydde plutseleg. Arnfinn vurderte materialet Kolden hadde samla, og gav kommunen eit tilbod om fullføring av verket på vegner av forlaget. I den samanhengen vart Ole Martin Sørumgård engasjert for å behandle den databasen Kolden hadde samla i programmet Ættesoge. Arnfinn redigerte og kompletterte gardshistorietekstane, og Bjarne redigerte og skreiv inn informasjon innsamla lokalt. Vi fullførte Bygdabok for Lom, utgjeve med Kolden som forfattar, i fire band i åra 2000-2007.
Erfaringane frå Lom-prosjektet låg til grunn for utviklinga av dataprogrammet Busetnadssoge (BSS) i 2000-04, utført av Ole. Parallelt tok Arnfinn på seg ansvaret for to prosjekt, Sulasoga og Busetnadssoga for Volda, som òg aksepterte å vere pilotprosjekt for utvikling av BSS.
Parallelt gir vi altså ut eigne bøker og bøker for andre utgjevarar.
E-post: kontor@snohetta.no
Adresse:
Øverbygdsvegen 7
2668 Lesjaskog
Organisasjonsnummer 969 052 776
Alle våre bøker
- Jan Olav Flatmark: Sunnmøre i Festung Norwegen (1994, utgått)
- Olaf Heitkøtter: Vernetanker i vassdragsnatur (1994)
- Lesja bondekvinnelag (red.: Bjørg Nordset): Mat frå gard og grend (1995, utgått)
- Kristian Prestgard: Fra Heidal til Decorah (1996)
- Arvid Møller: Den vare tonen – meisterspelmannen Hans W. Brimi (1997)
- Inger Cecilie Stridsklev: M/S Theklas himmelferd (1997, utgått)
- Audun Høgbrenna: Tømmerfløyting i Gudbrandsdalen (1999)
- Per Jordhøy: Snøhettareinen (2001, utgått)
- Bjørg Nordset (red.): En smak av Gudbrandsdalen (2001)
- Audun Høgbrenna: Perler i minnet (2002, utgått)
- Olaf Heitkøtter: Et liv i norsk natur (2004)
- Per Jordhøy: Lesjaleira (2005, utgått)
- Terje Kleiven: Ski-eventyret om Sjårdalstrioen ig Heidalstrioen (2007, utgått)
- Anna Helene Tobiassen: Over fjord, fjell og fonn. Driftehandel med storfe i Norge ca. 1850-1930 (2008)
- Tor Nørstegård: Ragnvald Einbu. Multikunstner og bestefar (2008)
- Olav Sundet: På Kjølens rand i krig og fred (2008)
- Audun Høgbrenna: Tidsbilete med alvor og skjemt (2009)
- Jostein Fet: Sunnmørske tunnamn. Individ – samfunn – landskap (2010)
- Beatrice Steuffen og Andreas Arn : Skjebnetid (2010)
- Jon Ø. Nestavoll: Til Dovrefjell faller (2010)
- Per Jordhøy: Rondane: fjellfolk og villrein (2013, utgått)
- Marin Enstad: «…folkets lengsel efter en ny og bedre fremtid»: Nasjonal Samling i Lesja 1940–1945 (2020)
- Per Jordhøy: Fiskekrønike for Lesja (2021)
- Terje Mølmen Moen: Vandrerne – og folk langs vegen (2021)
- Astrid Ragna Vestad: Anna Thora og hennes samtidige – fra bondeadel til Bjørnsomdynasti (2022)