Bygdebok Rauma (Grytten og Hen)

Utsyn frå Nesaksla over Setnes og Veblungsnes 7.5.2023. Foto: Arnfinn Kjelland

Dette er eit prosjekt som vi har vore involvert i sidan 2016 i samarbeid med Rauma historielag. Frå september 2023 har vi ei formell samarbeidsavtale om fullføring av denne bygdeboka, som er av delsjangeren busetnads- eller gards- og slektshistorie.

Historielaget har hatt og har ansvaret for eit omfattande dugnadsarbeid: registrering av kyrkjebøker og andre kjelder delvis publisert på Digitalpensjonatet, delvis direkte importert i dataprogrammet BSS, som blir brukt til person- og familieinformasjonen.

Hjelpemidlar til arbeidet

Blogg der det blir lagt ut fortløpande informasjon og spørsmål
Klikk på tittel i innlegget for å kommenterer eller stille spørsmål.
Alle innlegga er skrivne av redaktør for bokverket, Arnfinn Kjelland.

Denne sida, med underliggande sider og blogg, vil vere under arbeid så lenge prosjektet går føre seg.