Busetnadssoge – BSS

Busetnadssoge (BSS) er eit dataprogram for skriving av bygdebøker av gards-og ættesoge-sjangeren – eller som vi meiner er ei meir korrekt sjangenemning: busetnads- og befolkningshistorie.

Programmet utnyttar digitalt registrerte kjelder (kyrkjebøker, folketeljingar, manntal, dødsbuskifte o.a.) med person- og stadinformasjon til å opprette bustader, sette saman familiar,  plassere dei på bustader i definerte tidsperiodar og vise relasjonar etter modell frå Bygdebok for Lesja (døme frå bd. 1, 1987 side 368).

Programmet vart utvikla i åra 2000-2004 og brukt til første band av Sulasoga, som vart lansert 9. desember 2004. Serien består av i alt fem band, fullført i 2009.

Seinare har følgjande prosjekt starta opp:

Busetnadssoga for Volda (fullført 2015)
Heimar og folk, Herøy (fullført 2014)
Haram bygdebok
Stor-Elvdal bygdebok
Vang bygdebok
Ullensvang bygdebok
Bardu bygdebok: Nedre og Øvre Bardu
Gårds- og slektshistorie for Høland og Setskog
Bygdebøker for Surnadal
Rakkestad
Kvinesdal
Rauma historielag
Gårds- og slektshistorie for Heim kommune