Tømmerfløyting i Gudbrandsdalen

Audun Høgbrenna

  1. opplag 1999, stive permar, 232 sider, pris kr 100 så langt lageret rekk

Dei årvisse mengdene tømmer blir ikkje meir slege ut i flaumstore vår-elvar. Tusenvis av fløytarbål har slokna for godt, fløytarhaken og neverskrukka har tent ut. Men framleis da denne boka vart skrive levde minnene frå hogst og fløytarliv. Forfattaren møtte dei siste av slitarane, og teikna i denne boka eit bilete av strevet og armoda som alt var utenkjeleg for tjue år sidan, og enda meir i dag. Vi kan lese om det gamle koielivet, med hogst og barking i vinterkladen.

I dagens overflodslette samfunn har vi alle godt av å få innblikk i slit og strev som prega kvardagen for ikkje så veldig lenge sia.
Gudbrandsdølen Dagningen