Litt meir om skjemainnsamlinga

Rauma historielaget har etter kvart ei stor gruppe i gang med å samle inn person- og bustadinformasjon med hovudvekt på dei siste 2–3 generasjonane. Det er i praksis folk på bustader som var etablerte i 1920 (da det var folketeljing) og bustader med folk oppretta (og nedlagde) i perioden etter, fram til i dag (til manus skal sendast til trykking).

Arbeidet har teke utgangspunkt i skjemaformular og arbeidsflyt frå tidlegare prosjekt (Volda, Sula, Herøy) og rettleiingar frå historielaget. Innsamlinga er dugnadsbasert og er heilt nødvendig for at sluttproduktet skal halde minimum kvalitet. Men i Raumaprosjektet er det nå, etter etablering av formelt samarbeid mellom historielaget og oss, nødvendig med visse tilpassingar. Vi ser at dei skjemaa som er utforma, med mange rubrikkar, har ein tendens til å låse dugnadsfolket for fast til bestemte og kanskje unødvendige måtar å fylle dei ut på. Her presiserer vi derfor kva for informasjon som bør skaffast fram for dei ymse typane bustader vi får for dei siste hundre åra. Og føresetnaden er sjølvsagt at all personinformasjon om nålevande er frivillig.

Dersom ein ikkje har tilgang på papir- eller elektronisk skjema, er det sjølvsagt fullt muleg å levere tilstrekkeleg informasjon på eit blankt ark.

Felles: finne bustadinformasjonen

Alle bustader som eksisterer eller har eksistert sidan sist på 1800-talet skal det skrivast om i verket. Dei aller fleste har tilknyting til ein eigedom som er identifisert med gardsnummer og bruks­nummer (gnr/brnr) og eventuelt festenummer (fnr).

Desse kan ein finne på fleire måtar; den enklaste er å gå inn på norgeskart.no zoome inn, finne og klikke på staden. Da får ein opp ein meny oppe til venstre, der ein kan klikke på «Se eiendomsinformasjon» der det vil stå adressa og gnr/brnr og ev. fnr. Det fyller ein ut øvst på skjemaet, eller øvst på eit blankt ark.

Viss ein ikkje finn att eit gnr/brnr ved å søke på kartet, er den enklaste måten å bruke Kartverket seeiendom.no, der ein fyller ut kommunenummer (1539 for Rauma) skråstrek gnr skråstrek brnr. Da kan ein klikke inn på ei side med «Informasjon fra grunnboken» med kartutsnitt, der ein kan opne i større kart, som viser eigedomen.

Gnr/brnr er nøkkelen til viktig informasjon om eigedomar frå grunnboka (tidlegare namn panteregisteret).

Så kan det ofte vere lurt å gå inn på det som heiter gamal grunnbok. Der kan ein bestille kopi av grunnboksbladet for eigedomen, som så langt ein kan sjå viser gyldige rettsdokument etter overgangen til grunnbok i 1935. Desse vil vere ajourførte til ca. 1991, da grunnboka vart elektronisk.

Men for å få tilgang til det panteregisteret som var ajour før overgangen til grunnbok bør ein nok absolutt gå på «Eiendomssøk – Panteregistre». Der kan det óg søkast på gnr/brnr og ein får tilgang til riktig side i panteregisterprotokollen. NB bruk Grytten som kommunenamn.

Sjølve det tinglyste pantedokumentet er det òg tilgang til å lese, men da må ein gå etter referansane i grunnbok eller panteregister, finne panteboka og bla til riktig side/folio. For nyare dokument kan ein bruke dagboknummersøk.

Særskilt for bustader som eksisterte i 1920

Dvs. som er med i folketeljinga, som skulle registrere alle bustader med personar som enten var til stades eller høyrde heime på bustaden 1. desember 1920. Ein relativt enkel oversikt for ein ved å klikke her og gå inn kretsvis. Da får ein opp ei liste over desse bustadane, med lenke vidare til informasjon om bustaden, særleg gardsnummer/bruksnummer, og alle som budde der.

Det er som oftast enkelt å avgjere kva for bustadar det handlar om, for dei fleste er nok slike som eksisterer i dag i form av gardsbruk eller bustadhus. Dei er ofte busette i dag og vi kan ta kontakt med folket som bur der. (Som kjent vart store delar av Åndalsnes og Veblungsnes tilnærma heilt øydelagde i april 1940, så der blir det nok etter kvart litt justert metode.)

For bustader bygde etter 1920

Her er det i hovudsak same materiale ein bør bruke: eigedomssøk, gamal grunnbok og norgeskart / seeiendom.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.