Status for autolenkinga for Rauma

I den gamle bloggen var det gjort greie for den delvis automatiske lenkinga vi er i gang med som del av avtala med Rauma historielag. Dette arbeidet har gått vidare. Prosessen som var skildra våren 2023 gjekk ut på å lenke alle par i folketeljingane 1865-1920 og vart fullført i oktober. Resultatet vart at basen da hadde 2980 oppretta personar.

Prosessen vidare har så gått ut på å lenke slektsliner (aner til oppretta personar) bakover til kring 1801, samt barn (med kjent «skjebne») født før 1900 i dei familiane som alt er oppretta. Dette arbeidet starta med Hen i oktober, vart fullført i januar og tilsvarande for Kors fullført før påske, med 6196 oppretta personar. Det står nå att Grytten sokn. Når det er fullført vil vi vurdere neste steg: start registrering av innsamla skjemainformasjon eller lenking vidare bakover frå 1801.

Men det er og viktig å vere merksam på at det berre er barn født før 1900 som er lenka, sjølv om databasen kan ha fleire hendingar om alle som er født seinare. Vi reknar nemleg med dei aller fleste av desse blir fanga opp og lenka i samband med innregistrering av skjemainformasjonen, så det er mest rasjonelt å vente til den er kome inn.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.