Om eit «digitalt bygdebokarkiv»

For den reine person- og familieinformasjonen fram til 1920-åra er sjølvsagt kyrkjebøkene, folketeljingane, dødsbuskifta og dei viktigaste kjeldene. Referansar til desse ligg inne i BSS-databasen, slik at det vil vere enkelt å finne att kjelde til datoar og liknande.

Gardshistoria må bygge på andre kjelder i tillegg, der pantebøkene er vesentlege. Dei inneheld tinglyste dokument relevant for fast eigedom. Dokumenta er førte inn i pantebøkene etter tinglysingsdato, men kan vere daterte tidlegare. For å halde orden i kva som var tinglyst på ein eigedom vart det påbode å lage register, ordna etter matrikkelnumra.

I det analoge bygdebokarkivet som eg overtok da eg vart tilsett som bygdebokforfattar for Lesja i 1981, var svært mange slik dokument enten avskrive eller kopierte og lagt i mapper. Mappene kunne vere for kvart gardsnummer, men det kunne òg vere fleire mapper for eitt nummer, t.d. Bjorlie som hadde mange bruk under gardsnummer 2. Panteregistra var kopierte gards-/bruksnummer for bruksnummer og lagt i mappene, saman med ymse anna.

Arkivskåpet i Lesja med mapper.

I Grytten-/Hen-prosjektet er det ikkje ressursar til å bygge opp eit tilsvarande analogt bygdebokarkiv. Her dreg vi nytte av den digitale utviklinga: alle dei relevante pantedokumenta og -registra, og det aller meste elles ein treng, er skanna på Digitalarkivet og kan søkjast fram etter matikkelnummersystemet.

Ein del dokument kan det sjølvsagt vere aktuelt å skanne og samle i tilsvarande mapper, men da altså i ein digital variant. Ein variant er at eg les rimeleg systematisk årsskrifta til Romsdal sogelag, der det er mange artiklar med innhald relevant for gardshistoriene våre. Dessutan reknar eg etter kvart med å få e-post med relevant stoff for utskrivinga av gardshistoria. Og bilde kan jo ha informasjon som er relevant for fleire bustader, og kopiar kan da leggast i fleire mapper.

Av den grunn har eg oppretta eit mappearkiv i microsoft utforskar, der eg legg relevante dokument:

Under kvar mappe kjem det truleg da etter kvart nye mapper på bruks-/bustadnivå.

Fordelen med eit slikt digitalt mappearkiv samanlikna med det eg hadde på Lesja, er at du kan kopiere og legge eit dokument i mange mapper, etter som innhaldet kan vere til hjelp i fleire gardshistorier. Skjemainformasjon for dei næraste generasjonane og / eller e-postar som gjeld fleire bustader og / eller familiar kan ein lagge i relevante mapper.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.