Nærare om GisLink og SEFRAK

GisLink er ei digital kartteneste, per i dag ser den ut til å vere i aktivt bruk under Møre og Romsdal og Trøndelag fylkeskommunar for fleire formål. Ved å klikke lenka kjem ein til menyen GisLink til venstre og knappar for andre tema som nyttar underliggande kartdata.
Under GisLink-knappen får ein opp kart over fylket, og ein meny til venstre:

I dette meny-utsnittet er det mykje å leite i, men det som i hovudsak vil vere av interesse for arbeidet med Rauma bygdebok, er Kulturminner. Her krysser ein av som vist.

I tillegg kan det vere nyttig å klikke på eigedomsgrenser, for da får ein desse nøyaktig oppdatert.

Ein kan og krysse for Stadnamn, men desse er ikkje lagt inn for Rauma. Zoom ev. til Vestnes eller Valldal for å sjå på slike.

I hovudbildet kan ein zoome inn på kartet, til ein frå fram det som er registrert i eit område.

I nedtrekksmenyen,Kartlag ovanfor, ligg forklaringa på symbola som kjem fram på kartet. Kortversjon: trekantane er bygningar registrerte i SEFRAK-registeret, som i utgangspunktet var slike som var bygde før 1900 (men det visere seg at også nyare bygninger er registrerte). Trekantar i raud farge er meldepliktig i hht Kulturminnelovens §25, dei gule er SEFRAK-bygg som ikke er omfattet av Kulturminneloven og dei grå er «Ruin eller fjernet objekt».

Det interessante med desse kartfesta symbola er informasjonen som finst under dei. Ved å klikke på kvar trekant kjem det opp eit lite vindu med informasjon om objektet: SEFRAK ID, nummer, type og tidfesting. Nedanfor står det som lenke «Braarkiv». Klikk på det, og det kjem ei smal visning av SEFRAK-info, med eit lite bildefelt til venstre. Det er skann av sjølve det originale registreringskortet i SEFRAK, som ein får sjå i større bilde ved å halde musa over det. Men for å kunne studere kortet nærare er det nok nyttigast å klikke den øvste av tre små symbol til høgre for bildet, da blir det lagt over i eiga fane og ein kanzoome inn eller lagre kortet med høg oppløysing.