Martin Enstad

Foto: Nina Due

Martin Enstad, født 1950 på Lesjaskog, er pensjonert lektor. Han har historie hovudfag ved Universitetet i Oslo i 1979 med avhandlinga Haldningar til NKP i presse og Storting 1945–1950, og har undervist i historie og tilgrensande fag ved vidaregåande skule i Honningsvåg og på Tynset, etter 1981 i Oslo, fyrst ved Teisen og deretter Hellerud vidaregåande skule. Han pensjonerte seg i 2016.

Etter han gjekk av med pensjon har han, ved hjelp av primærkjelder frå landssvikarkivet, granska nærare dei av bygdefolket som samarbeidde med den tyske okkupasjonsmakta. Resultatet er boka: «…folkets lengsel efter en ny og bedre fremtid». Nasjonal Samling i Lesja 1940–1945 (utgjeve desember 2020)