Blogg: «…folkets lengsel efter en ny og bedre fremtid»

med undertittel: «Nasjonal Samling i Lesja 1940–1945» er altså vår nye bok. Som det går fram av omtalen på infoskjemaet, der ein òg kan bestille, prøver forfattaren, Martin Enstad, å kaste ljos over korleis 77 vaksne personar i bygda konkluderte med at det var riktig å slutte seg til NS og Vidkun Quisling, og korleis det gjekk med dei. Ingen blir namngjevne.

Vi kan lesa om nokre geografiske og historiske særtrekk ved bygda, kva slags kjelder bygdefolket hadde til kunnskap om Hitler-Tyskland, og om erfaringane deira frå samfunnsutviklinga i åra fram til 9. april 1940.

Kjeldene dei hadde var stort sett lokalavisene; massemedia i nyare forstand høyrer etterkrigstida til. Allmenne erfaringar frå krisetida på 1930-talet blir sett opp mot og gjennomgått ved hjelp av å vise til kva NS-folk sjølve oppgav som årsak til at dei valde å bli medlem av partiet før eller under krigen. I kva grad særtrekk ved kultur, tradisjonar og tenkjemåte blant bønder i Nord-Gudbrandsdalen kan ha skapt sympatiar for Tyskland, Quisling og NS blir drøfta som overordna årsaker.

Gjennom tre konfrontasjonar mellom bygdefolket og NS-medlemar får vi sjå korleis sentrale NS-medlemar i Lesja kunne bruke den makta det nye systemet syntest å leggje i hendene på dei, korleis sambygdingar utanfor NS reagerte på aksjonane deira og motiva til NS-aktivistane.

Til slutt blir gjennomføringa av rettsoppgjeret i åra etter 1945 drøfta, med vekt på dei lesjingane som var involverte.

Tittelen på boka er sitert frå fortalen til NS-programmet frå 1934. Den og framside­biletet antydar at partiet ville snu samfunnstorva, slik at noko nytt, friskt og vitalt kunne vekse opp. Slik tenkte dei få i partiet før 9. april 1940, og mange i dei fem åra etterpå da partiet vart statsberande.

Har du spørsmål om boka eller innhaldet, kan du stille det nedanfor her, så svarer vi etter beste evne.