Litt frå arbeidet med det økonomiske primærkjeldematerialet

Eg har i nokre innlegg på den private Facebookgruppa for medhjelparane og i rapportar til historielaget referert frå funn eg har gjort i primærkjeldematerialet utanom det som er lagt inn i BSS-databasen (kyrkjebøkene, folketeljingane, dødsbuskifta og nokre fåe andre).

Dei økonomiske er først og fremst dei pantedokumenta (sjå innlegget om skjemainnsamlinga). I tinglysingsloven av 1935 vart nemninga grunnbok innført, som altså svarer til dei eldre pante- eller realregistra (sjå lenka). Pantedokument som vart tinglyst vart så innført i det lausbladsystemet som vart ført manuelt til ca. 1991, da Kartverket gjekk over til elektronisk grunnboksføring.

Dei eldre pantedokumenta finn vi i pantebøkene, som for Romsdal futedømme starta i 1706. Her har Statsarkivet i Trondheim laga eit kronologisk register til dei tre første pantebøkene (til 1767), som vil vere til svært god hjelp i det vidare arbeidet. Men frå pantebok 4, som nok eigentleg starta i 1768, manglar dei 34 første dobbeltsidene (folio), og dei neste sidene er også stygt skada. Til denne boka er det eit alfabetisk register, tilvisingane til originaldokument for gardane er førte alfabetisk frå A til Ø, med tilleggsregister bak.

Eg har ført desse tilvisingane over i eit eige sorterbart register for det vidare arbeidet, men ser òg at særleg den nyare delen er svært kortfatta og mangelfull; det er nødvendig å gå igjennom pantebøkene dokument for dokument. Dessutan er panteobligasjonar og kårkontraktar (føderåd) ikkje alltid ført i registeret, da dei ofte blir avlyste.

Sidan tinglyste dokument er førte inn i protokollen fortløpande på dei faste tingsamlingane (sjølv om dokumenta kan ha eldre datering), konsentrerer eg meg om dokument tinglyste på tinga for Romsdal åtting (rettskrets), Men eg må òg ha eit sideblikk også på Voll, for gardane Innholmen, Veblungen og Setnes låg dit. Eg er nå snart ferdig med gjennomgangen av pantebok 4 fram til 1790.

For å få litt variasjon har eg òg sett på dei aller eldste eksisterande av slike dokument, dei som er førte inn i sjølve rettsprotokollane, tingbøkene. Dette er eigentleg referat av det som gjekk føre seg på dei to (frå starten i alle fall) årlege tingsamlingane, vår- og hausttinga. Her vart normalt først bygdefolk (sjølvsagt berre mannfolk) oppnemnt som dommarar, lagrette, offentlege påbod og forordningar som t.d. skattebrev kunngjort, saker futen som politisjef la fram teke opp til doms og så saker og dokument som bygdefolket ville ha tinglyst lese opp og ført inn viss ingen protesterte. Saker som blir lagt fram for dommarane kan vere slagsmål, ærekrenking og leigemål (som jo kan gi viktige slektsinformasjon).

Viktig informasjon i den eldste tingboka for Romsdal

Denne startar i 1688, og 16. november det året var det «Almindelig Høst- og Saketing» for Romsdals åtting på Venja (plassen tinget vart halde på varierte). Etter dei vanlege sakene var innførte kom futen, Morten Schultz, med ei lang liste over manglande skatteinnbetalingar for same året. Over 60 gardbrukarar hadde større eller mindre restansar på skatten, som vart ført inn og enten betalt inn seinare eller avskrive av futen i den rekneskapen han førte (og som vart revidert).

Men i tillegg var det også manglande innbetaling av ein særskilt skatt, «Kjole- og Legdspenge», der dei som hadde manglar var førte in med eigne nummer, den første som nr. 97, så til saman 18 stk. med nr 135 som den siste. Denne skatten var såkalla munderingspengar, og i Digitalarkivet finst futerekneskapa med fullstendige oversyn over legdene i kompania. For Romsdal startar desse i 1687, og i den første mappa der ligg oversynet over alle legdene i kompaniområdet, med namn på kvar brukar og beløpet dei skulle betale. Her ser vi at kvar legd skulle betale inn ca. 5–7 dalar, og der er nokså systematisk fordelt på frå 2 til 7 brukarar. Det må vere grunn til å tru at det er fordelt etter skatteevne; brukarane på dei største gardane betalte mest.

Ordninga i vårt område startar med nr 94, der fire gardbrukarar på Monsås, Klugnes og Skorga utgjer legd 94, andre på Monsås og Torvika osv. Døme legdene 97 og 98:

Denne skattelista er altså eit viktig bidrag til oversyn over brukarar på gardane sist på 1600-talet. Men dessverre finst ei så detaljert skatteliste berre for 1687 og 89 – seinare er det berre nemnt namnet på legdsmannen og beløpet per legd.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.