Jordbruksteljingane 1939, 1949 og 1959

Desse er etter bestilling skanna av Digitalarkivet for vårt prosjekt. Det er eitt skjema for kvar driftseining (oftast tilsvarande eitt bruksnummer, men ofte fleire), som det ser ut til at eigar eller brukar sjølv har fylt ut. Kvart skjema er nokså detaljert, med mange felt som skulle fyllast ut.
Start 1939 Grytten her (180 skjema)
Start 1939 Hen her (257 skjema)
Start 1949 Grytten her (179 skjema)
Start 1949 Hen her (194 skjema)
Start 1959 hovudskjema Grytten her (292 hovudskjema, 152 side 3-4)
Start 1959 hovudskjema Hen her (300 hovudskjema, 154 side 3-4)

Ulempa er at SSB under statistikkarbeidet har sortert skjemaa i klasser etter omfanget på drifta. Kvar teljing ser ut til å starte med klasse 0 husdyrhald utan jordbruksareal, klasse 1 bruk med inntil 2 daa jordbruksareal osv. fram til klasse 10. Så det svært vanskeleg (eigentleg umuleg) å gå inn i ei teljing for å finne skjemaet for eit bestemt gardsbruk.

I teljingane har det òg vore registrert to sider med fleire opplysningar. Desse er ikkje skanna for 1939 og 1949 og er kanskje kasserte. Men for 1959-teljinga er sidene for bruka frå og med klasse 4 (over 10.1 daa jordbruksareal) med. Dei inneheld ein del interessante detaljar: alder på brukaren, talet på heimeverande barn, arbeidskrafta på bruket i dagsverk m.m. – for så vidt interessant som gardshistorie, men som ikkje vil bli behandla i bygdeboka.

Døme:
Hovudskjema gnr. 39/6 Vikheim 1959
Skjema side 3-4 for gnr. 39/6 1959

Som del av prosjektet har vi registrert kvart skjema i teljingane med gardsnummer og bruksnummer i ein søkbar tabell. På skjemaet nedanfor kan du bestille bilde-ID til bestemte gards- og bruksnummer og teljingsårstal, og vi returnerer ID til skjemaet til den e-postadressa som du oppgir. Gå da inn på «Skanna materiale» på Digitalarkivet og kopier bilde-IDen inn i feltet oppe til høgre og du er på skjemaet.