BSS-basen for Rauma etter at informasjon frå person- og bustadskjema er lagt inn

Vi har nå sidan starten på 2025 lagt inn skjemainformasjon for dei siste generasjonane i Raumabasen. Denne informasjonen blir kopla til informasjon som ligg i basen frå etter autolenkingprosessen som var fullført i 2024. Den gjekk slik som forklart i den gamle bloggen.

Som forklart tidlegare, viser «treet» i basen alle bustader der det har budd folk så langt bakover i tid vi har kjelder som koplar saman personar (familiegrupper) og stader. I dette inlegget ser vi korleis basen for ein gard såg ut etter autolenkinga. Over streken står bustader vi har frå matrikkelen 1886. Dei var det ikkje kopla familiegrupper til før innregistreringa av skjema starta. Det er markert med grå pil. Under streken ligg altså familiegrupper som er kopla til gardsnamnet på eit eller anna vis, men utan at vi er sikker på kva for bruk / bustad dei hadde som hovud-heim.

For å «rydde» i dette må dei kjeldene som ikkje er lagt inn i databasen kontrollerast: der panteregister og -bøker er dei viktigaste.

I prosessen med registrering av informasjon frå dei innsamla person- og bustadskjemma blir det så oppretta a) reelle bustader med grunnboksnummer og adresse, og b) personar i form av familiegrupper blir oppretta samla. Det blir da i tilnærma same form som i den ferdige bygdeboka.

Informasjonen om kvar person blir lagt i eit slikt skjema:

Så koplar ein til andre personar til den første i prinsippet slik det er forklart i den gamle bloggen – og plasserer familiegruppene på rett bustad, og det er slike som enten står «over steken» frå før (altså er gamle bruk frå matrikkelen 1886) eller er nyoppretta bustader.

Her er det viktig at eldre personar som er nemnt på skjema, i alle fall viss dei er født før 1930, i prosessen blir sjekka om det ligg hendingar eller oppretta personar om dei i basen frå før. Er det ein person, blir tilleggsinformasjon lagt til. Er det ei eller fleire hendingar utan at personen er oppretta, kan det i alle fall vere dåp, konfirmasjon eller vigsel-hending(ar). Da tek vi utgangspunkt i hendingar som finst, opprettar ein «ny person» frå desse og legg inn vitale data i tillegg. Med desse operasjonane blir personar frå skjemaet kopla til slektsinformasjonen i databasen bakover.

Etter skjemaregistreringa er gjort for ein gard, her Grøvdal, ser stadvinduet slik ut:

For Grøvdal låg bruksnr. 1-8 inne frå matrikkelen 1886 med grå pilar over streken før skjemarbeidet starta. Nå ser vi at det er lagt til familiar på dei fleste bruka, og at det er kome til nye: nr 9-11. der også vegnamna og adressene er lagt til.

Som vi ser er det ikkje funne nokon kopla til bruksnr 2 eller 8 i prosessen. Men dei ligg «under streken» etter autolenkinga, og det er i den ryddinga som etter kvart skal starte at dei skal flyttast på plass. Det er ofte rimeleg enkelt og kan gå raskt.

Arbeidet med å registrere skjema har hittil vore gjort av oss i forlaget mot godtgjering. Frå februar i år prøver vi å få gjort det same på dugnad i historielaget.

Blogg: «…folkets lengsel efter en ny og bedre fremtid»

med undertittel: «Nasjonal Samling i Lesja 1940–1945» er altså vår nye bok. Som det går fram av omtalen på infoskjemaet, der ein òg kan bestille, prøver forfattaren, Martin Enstad, å kaste ljos over korleis 77 vaksne personar i bygda konkluderte med at det var riktig å slutte seg til NS og Vidkun Quisling, og korleis det gjekk med dei. Ingen blir namngjevne.

Vi kan lesa om nokre geografiske og historiske særtrekk ved bygda, kva slags kjelder bygdefolket hadde til kunnskap om Hitler-Tyskland, og om erfaringane deira frå samfunnsutviklinga i åra fram til 9. april 1940.

Kjeldene dei hadde var stort sett lokalavisene; massemedia i nyare forstand høyrer etterkrigstida til. Allmenne erfaringar frå krisetida på 1930-talet blir sett opp mot og gjennomgått ved hjelp av å vise til kva NS-folk sjølve oppgav som årsak til at dei valde å bli medlem av partiet før eller under krigen. I kva grad særtrekk ved kultur, tradisjonar og tenkjemåte blant bønder i Nord-Gudbrandsdalen kan ha skapt sympatiar for Tyskland, Quisling og NS blir drøfta som overordna årsaker.

Gjennom tre konfrontasjonar mellom bygdefolket og NS-medlemar får vi sjå korleis sentrale NS-medlemar i Lesja kunne bruke den makta det nye systemet syntest å leggje i hendene på dei, korleis sambygdingar utanfor NS reagerte på aksjonane deira og motiva til NS-aktivistane.

Til slutt blir gjennomføringa av rettsoppgjeret i åra etter 1945 drøfta, med vekt på dei lesjingane som var involverte.

Tittelen på boka er sitert frå fortalen til NS-programmet frå 1934. Den og framside­biletet antydar at partiet ville snu samfunnstorva, slik at noko nytt, friskt og vitalt kunne vekse opp. Slik tenkte dei få i partiet før 9. april 1940, og mange i dei fem åra etterpå da partiet vart statsberande.

Har du spørsmål om boka eller innhaldet, kan du stille det nedanfor her, så svarer vi etter beste evne.