Da er denne delen av autolenkinga ferdig

Siste del omfatta altså Grytten hovudsokn, jf. denne statusen frå 4. april. Det er framleis nokre få personar som ikkje er plasserte på nokon bustad, men står under Uplasserte. Det er anten fordi dei er ført utan bustadnamn, eller fordi namnet er brukt fleire stader.

Basen inneheld per dags dato 7259 personar. Det er nå lenka over 69.000 personhendingar (sjå nærare om prosessen i dette innlegget i den gamle bloggen). Det utgjer 57 % av heile databasen (inkludert Eid og Voll, som altså ikkje er med i dette delprosjektet). Dei resterande, ulenka hendingane fordeler seg omtrent slik:
– Ca 12 500 etter 1900 (24 %), dette er da hendingar som i stor grad vil bli fanga opp gjennom registreringa av skjemainformasjonen (etter 1920).
– Ca 16 800 i perioden 1801–99 (33 %), ein god del av dette er nok familiar som gjeld Eid og Voll og som vi ikkje gjer noko med (men viss nokon derfrå involverer seg i vårt område, blir dei sjølvsagt med).
– Ca 22 000 før 1801.

Merk: dei ulenka hendingane omfattar som nemnt alt som gjeld Eid og Voll i eldre tid, samt registrerte fedre til inngifte personar med meire. Det er altså mykje av basen som ikkje skal lenkast, men det er for vanskeleg å vurdere kor stor andel dette utgjer førebels.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.