Per Jordhøy

Per Jordhøy født 1950 på Lesja, er pensjonert frå rådgjevarstilling ved NINA, Norsk institutt for naturforskning og er busett på Linesøya i Trøndelag. Han har ein omfattande produksjon av bøker, fagartiklar og fagrapportar om villrein og fjellnatur og også lokalhistoriske artiklar i Årbok for Lesja historielag og Årbok for Gudbrandsdalen Han er ein aktiv og dyktig fotograf som har levert bilde til blad, tidsskrift og bøker.

Prisar:
– Svein Myrbergets minnepris i NINA 1994
– Heitkøtters Naturvernpris 2012

Utval publikasjonar:

Bøkene som eineforfattar:
Snøhettareinen (Snøhetta forlag a.s 2001)
Lesjaleira (Snøhetta forlag a.s 2005)
Rondane – fjellfolk og villrein (Snøhetta forlag a.s 2013)
– Linesøy ungdomslag 1919-2019. Med speilbilder fra øysamfunnets nære historie (Linesøya ungdomslag 2019)

Redaktør og hovudforfattar av boka:
– Reinheimen ig Breheimen. Frå pil og boge til lasso og gevær (Villreinutvalet Ottadalsområdet 2014)

Saman med kollega Kjetil Bevanger:
Villrein – fjellets nomade (Naturforlaget 2004)

Saman med Karl H. Brox og Jon J. Meli:
Opplev Forollhogna (Snøhetta forlag a.s og Villreinutvalget for Forollhogna 2006)