Om oppdatering av gardshistorie etter 1959

Bygdebokverket skal innehalde leksikalsk informasjon om driftsforholda på dei enkelte driftseiningane (gardsbruka). Men det er nokså arbeidskrevjande å samle saman og systematisere slik informasjon for kvar av dei enkelte slike einingar som har eksistert i praksis frå midten av 1600-talet til i dag.

Det normale i bygdebøker av vår sjanger er ymse former for tabellar med oversyn over buskap og planteproduksjon, til dømes som i Bygdebok for Eid, Lerheim side 144. Vi vurdere å lage noko liknande.

Slike tabellar bygger på statistikk publisert av Statistisk sentralbyrå (SSB), og for Eid-boka var berre slik statistikk tilgjengeleg fram til 1875. Slik økonomisk statistikk er etter lova sperra i 60 år, så i dag er jordbruksteljingane 1939, 1949 og 1959 tilgjengelege, og for vårt prosjekt fekk vi dei altså skanna i 2023. I 2029 kjem òg 1969-tala.

Vi tek sikte på å ta inn visse data frå desse tre nye teljingane i teksten for kvart bruk/driftseining. Men likevel veit vi ikkje noko om status for jordbruket i bygdene våre etter 1959. Derfor iverksette vi seinhaustes 2025 innsamling av slik informasjon i forenkla form. Vi avgrensar innsamlinga til å gjelde bruk som hadde 10 dekar (mål) jordbruksareal eller meir i 1959, og prøver å samle inn ein viss informasjon om status for desse.

Vi har så laga eit enkelt skjema som er fordelt til grendekontaktane i bygdene. Dei er nå i ferd med å kontakte dagens brukarar for å få inn slik informasjon.

Skjemaetbildet er utan informasjon om brukarar i 1959, men grendekontaktane har dei for kvart gardsnummer. Døme på informasjon vi gjerne vil ha i feltet til høgre er vist her:

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.