Ny autolenke-operasjon

Autolenkinga hittil har altså ført til at vi har 7259 personar i databasen. Den tok som kjent utgangspunkt i «par» i folketeljinga 1920 og har gått bakover i etappar, og status er gjeve att 1 juli nedanfor.

Det er fleire moglege vegar vidare, og vi har nå i samråd med historielaget starta med å etterregistrere «par» i folketeljinga 1801. Der er det 226 slike par, som ein skulle tru var mogleg å kalkulere tidsforbruket på. Men ein god del av personane i 1801-teljinga har garantert vore gift tidlegare, og ein god del vil sannsynlegvis gifte seg opp att etter 1801. Det er det umogleg å vete; så vi har altså eit ukjent tal personar i tillegg her. Så har ein god del av desse parforholda barn, og kor mange det er veit vi heller ikkje. Dessutan vil ein god del av desse barna alt vera lenka, men kor stor del er ulenka? Det er berre ein måte å finne ut dette på; vi startar lenkearbeidet og fører timane som går med.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.