Etter nærare vurdering og drøfting i redaksjonsmøte, held vi (Snøhetta v/Ole Martin) fram med det vi har kalla autolenking, nå på den neste aktuelle kjelda, ekstraskatten 1762. Det er ei kjelde som liknar på folketeljinga 1801 (rimeleg fullstendige familiar, rett nok skulle det ikkje betalast for barn under 12 år), og derfor er viktig i kombinasjon med kyrkjebøkene og dødsbuskifta før 1801.
Lenkinga av ekstraskatten er nå halvvegs, og det samla talet på personar er 8069.