Om å leite etter nyare personinformasjon på Nettbiblioteket

Ein finn Nettbiblioteket på Nasjonalbibliotekets hovudside, www.nb.no – menyen øvst. Der ligg det mange typar stoff, men det som truleg er mest aktuelt for oss er Bøker, Aviser og Tidsskrift, det innhaldet per i dag er høvesvis neste 645 tusen bøker, over 4,5 mill aviser og 345 tusen tidsskrift. Og desse tala aukar for kvar dag! Merk at dei nyaste ofte er sperra for direkte innsyn, sjå nedafor.

Her kan ein finne informasjon om personar, også nålevande, i ymse trykte kjelder. Sjå først nærare på søketipsa. Ein kan altså søke på fornamn etternamn rett fram, da kjem treff med begge namna opp tidleg, men elles det eine og deretter med det andre i ‘salig blanding’ (mi erfaring). Det er derfor lurt å søke innafor hermeteikn («Ola Hansen»), da får ein alle dokument med treff Ola – mellomrom – Hansen og kan gå inn på desse. For meir uvanlege etternamn kan det vere nok berre med det.

Etter søket for ein ei treffliste. Den ser ut til å vere nokså hulter til bulter, men her bør ein gå opp til høyre på det valet som heiter «Relevans». Her kan lista sorterast på fleire måtar, men det er kanskje «Eldste først» (eller Nyeste) som er mest nyttig. Døme, søk på Tokle, mange treff, har plukka eit tilfeldig:

Når ein går inn på treffet, klikk den vesle lupa og det kjem ei liste nedover med treff i den aktuelle publikasjonen, teksten rundt ordet og sidetalet til høgre (her 34). Klikk der og ein kjem til side 34 og kan lese det som står. Merk og øvst; ein kan bla direkte i publikasjonar i trefflista.

Prøv gjerne ut søking med trunkering og særleg nærheitssøk («Ola Hansen»~3) – da fangar ein opp ev mellomnamn.

Merk at ein kan finn namn t.d. i bygdebøker rundt om i landet, og dermed har ein som regel meir enn ein treng for å få komplett informasjon for vårt prosjekt. Nyare bygdebøker ser ut til å vere sperra i 20 år, altså utgjeve etter 2004.

Nå kan det ofte vere at ein får treff i aviser, som ser ut til å vere sperra i 90 år (etter 1934). Men her får ein gjerne sjå litt av teksten framafor og bak namnet, og det er kanskje det ein treng. Døme, søk på «Ola Brøste»:

Auge med strek over tyder sperra, men her ser vi truleg nok til ville sjå nærare på innhaldet.

Søk om innsyn i sperra dokument

Nå er jo mange nyare dokument sperra for innsyn. Da er det muleg å få innsyn ved å sende inn ein søknad. Merk her at ein direkte heimanfrå må gi opp «Nasjonalbiblioteket Seksjon Publikumstjenesten, Veiledningen» som eige bibliotek, at søknaden blir behandla på bestemte tidspunkt og ein får tilgang gjennom e-post. Litt tungvint, men absolutt nyttig!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.