Ved leiting etter utflytta personar ein har avgrensa innanbygds informasjon om, til dømes berre kvar dei kan ha hamna, kan det vere aktuelt å sjekke lokale bygdebøker i Nettbiblioteket for å gjere oppslag .
Veit ein kommunenamnet, gå til lokalhistoriewiki.no, søk opp rett kommune. Der vil ein finne lenke vidare til Forside for xx (kommunenamnet) og bibliografi for xx. I bibliografien finn ein ofte mykje relevant litteratur (sjå gjerne bibliografien for Rauma). Bygdebøker er sjølvsagt med der, ofte med lenke vidare til Nettbiblioteket.
Lykke til!