Må nok seie meg lei for at eg ikkje har prioritert å informere medarbeidarane om framdrifta i bygdebokprosjektet sidan årsskiftet.
Men det har skjedd ting. Først hadde vi eit orienteringsmøte på Åndalsnes for grendekontaktane der 25. januar, der eg presenterte status for databasen etter avslutta ‘autolenking’ og demonstrerte forenkla innlegging av informasjon frå eit skjema til BSS-databasen.
Vi (Snøhetta) utvikla samstundes ein metode for å sikre oss at all informasjon som blir lagt inn i ‘master-databasen’ er så korrekt som muleg. Det medfører at viktig informasjon på kvart skjema blir sjekka mot norgeskart, matrikkelen og 1881 telefonkatalogen. Vidare må det sjekkast om personar på skjema finst frå før i databasen på hendingsnivå.
Vi starta så medio februar med fullskala registrering av innsendte skjema for bind 1, Isfjorden. Etter knapt 100 skjema tok vi eit skjermfilm av prosessen med eit tilfeldig skjema. Den filmen vart vist for grende-kontaktane i Isfjorden etter statusgjennomgangen på møte 22. februar.
