Ei historie om flytting

Under arbeid med utvandring frå Lesja, førebuing for den nasjonale jubileet neste år, dukka det opp ei «lett blanding» av folk frå Øverdalen og Lesjaskogen. Ein Ingebrikt Martinss. Gjerdet, kona Ingeborg Eriksd. og barna Mathias og Gjerta Marie var registrert som utvandra frå Lesja i lister innsamla m.a. av Egil Mølmen, som var engasjert i arbeidet med Bygdebok for Lesja i 1970-åra. Men familien er ikkje å finne der.

Men det gjer vi i BSS-basen for Rauma. Ingeborg Eriksd. frå Slettahjellen f. 1868 gifta seg med Ingebrikt Martinss. frå Mongegjerdet i Kors 28. november 1891. Så er dei borte.

Men dei dukkar opp att i klokkarboka for Lesjaskog sokn da sonen Mathias vart døypt 28.2.1902 (nr. 3, men f. 14.12. året før), og igjen da dottera Gjerta Marie vart døypt 19.11.1903 (nr. 13, nedst til høgre).

Denne familien reiser så til Amerika over Ålesund, først Ingebrikt 16. februar 1893 (nr. 23, til venstre), så Ingeborg og barna 13. mars 1896 (nr. 36–38 nede til høgre). Men som vi kan sjå; Ingebrikt er ført opp som «Inderst fra Grytten», medan Ingeborg står som «fra Lesseskogen» (og med ‘Ingebriktsen’ som familienamn, merkeleg nok).

Vi ser så i vår BSS at bror til Ingeborg, Lars, gifta seg i 1878 med Oline Steinarsd. frå Lesja. Dei finn vi att i Lesja bd. 1 under Nord-Sæter («Setrom») side 398. Ingeborg og Ingebrikt og ungane burde nok vore innført der som innerstar frå årsskiftet 1892 til Ingeborg og ungane reiste i 1896. Nå blir dei i alle fall førte som Amerikautvandrarar frå Lesja, rett nok som såkalla etappeutvandrarar med fødestad utanfor Lesja for Ingeborg og Ingebrikt.

Om ungane skal førast inn i bygdeboka for Rauma er eigentleg ikkje innafor dei prinsippa vi legg til grunn, men vi må nok vurdere det.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.