Forord

Forord til «…folkets lengsel efter en ny og bedre tid». Nasjonal Samling i Lesja 1940–1945

Under okkupasjonen 1940 – 1945 var 77 personar i Lesja innmelde i Nasjonal Samling, Vidkun Quislings politiske parti. Partiet hadde frå hausten 1940 til 8. mai 1945 statsmakta i Noreg, saman med den tyske okkupanten. Nasjonal Samling oppstod i 1933. Sjølv om partiet til tider fekk stor merksemd før okkupasjonen, gav det ikkje resultat i form av representasjon på Stortinget. Partiets program var radikalt, på den måten at det ville snu opp-ned på samfunnsordninga. «…folkets lengsel efter en ny og bedre tid» er sitert frå fortalen til NS-programmet frå 1934. Som boktittelen og framsidebiletet antydar ville partiet pløye samfunnstorva, så noko nytt, friskt og vitalt kunne vekse opp. Slik tenkte dei få i partiet før 9. april 1940, og mange i dei fem åra etterpå da partiet vart statsberande.

Arbeidet med Nasjonal Samling i Lesja har pågått over fleire år. Hovudkjelda har vore landssvikarkivet, som det heiter, i Riksarkivet, der eg fyrst arbeidde meg gjennom alle rettssakene frå Lesja for å skaffe meg eit inntrykk av korleis NS-medlemane tenkte og kva dei gjorde. Sakene utgjorde i alt mellom 6000 og 7000 dokumentsider. Etter det kom spørsmålet om skriving og publisering, og kva form stoffet eventuelt skulle publiserast i. Det førte til mykje prøving og feiling.

Eg vil fyrst og framst takke Arnfinn Kjelland for stor støtte, inspirasjon og hjelp til å gje det vanskelege og sensitive stoffet ei form som eignar seg for bokutgjeving.

Mange andre skal òg ha takk for profesjonell hjelp. Det gjeld Jan Erik Kristiansen som har utforma mesteparten av det statistiske materialet. Personalet på Riksarkivet var alltid velvillige og raske til å plukke fram aktuelle landssviksaker frå den nasjonale minnebanken. Nasjonalbiblioteket og Lesja kommunes biletsamling skal ha takk for bruk av bilete. Ikkje minst skal Nationen, Gudbrandsdølen/Dagningen og Lofotposten takkast for løyve til bruk av illustrasjonar, slik som overskrifter og korte tekstutdrag. Takk også til Justismuseet i Trondheim for foto av ulike NSmerke.

Ein spesiell takk rettar eg til Nina Due, ein erfaren og klok lesar som i desse åra fortløpande har kritisert, vurdert, oppmuntra og kome med idear til arbeidet.

Til slutt i forordet står det obligatoriske att: Berre forfattaren har ansvaret for feil som måtte finnast mellom permane i boka.

Oslo, 20. oktober 2020
Martin Enstad