Om eit «digitalt bygdebokarkiv»

For den reine person- og familieinformasjonen fram til 1920-åra er sjølvsagt kyrkjebøkene, folketeljingane, dødsbuskifta og dei viktigaste kjeldene. Referansar til desse ligg inne i BSS-databasen, slik at det vil vere enkelt å finne att kjelde til datoar og liknande.

Gardshistoria må bygge på andre kjelder i tillegg, der pantebøkene er vesentlege. Dei inneheld tinglyste dokument relevant for fast eigedom. Dokumenta er førte inn i pantebøkene etter tinglysingsdato, men kan vere daterte tidlegare. For å halde orden i kva som var tinglyst på ein eigedom vart det påbode å lage register, ordna etter matrikkelnumra.

I det analoge bygdebokarkivet som eg overtok da eg vart tilsett som bygdebokforfattar for Lesja i 1981, var svært mange slik dokument enten avskrive eller kopierte og lagt i mapper. Mappene kunne vere for kvart gardsnummer, men det kunne òg vere fleire mapper for eitt nummer, t.d. Bjorlie som hadde mange bruk under gardsnummer 2. Panteregistra var kopierte gards-/bruksnummer for bruksnummer og lagt i mappene, saman med ymse anna.

Arkivskåpet i Lesja med mapper.

I Grytten-/Hen-prosjektet er det ikkje ressursar til å bygge opp eit tilsvarande analogt bygdebokarkiv. Her dreg vi nytte av den digitale utviklinga: alle dei relevante pantedokumenta og -registra, og det aller meste elles ein treng, er skanna på Digitalarkivet og kan søkjast fram etter matikkelnummersystemet.

Ein del dokument kan det sjølvsagt vere aktuelt å skanne og samle i tilsvarande mapper, men da altså i ein digital variant. Ein variant er at eg les rimeleg systematisk årsskrifta til Romsdal sogelag, der det er mange artiklar med innhald relevant for gardshistoriene våre. Dessutan reknar eg etter kvart med å få e-post med relevant stoff for utskrivinga av gardshistoria. Og bilde kan jo ha informasjon som er relevant for fleire bustader, og kopiar kan da leggast i fleire mapper.

Av den grunn har eg oppretta eit mappearkiv i microsoft utforskar, der eg legg relevante dokument:

Under kvar mappe kjem det truleg da etter kvart nye mapper på bruks-/bustadnivå.

Fordelen med eit slikt digitalt mappearkiv samanlikna med det eg hadde på Lesja, er at du kan kopiere og legge eit dokument i mange mapper, etter som innhaldet kan vere til hjelp i fleire gardshistorier. Skjemainformasjon for dei næraste generasjonane og / eller e-postar som gjeld fleire bustader og / eller familiar kan ein lagge i relevante mapper.

Om korleis Bygdebok Rauma blir disponert

Som kjent bele det 21.9.2023 skrive under ei samarbeidsavtala mellom oss og Rauma historielag om det som i avtala heiter «Rauma bygdebok for Kors, Hen og Grytten sogn». Planen er at bokverket skal bestå av fem bind, eitt for Isfjorden, to for Grytten hovudsokn og eitt for Kors sokn. I tillegg skal det gjevast ut eit registerbind for å finne fram i verket.

På denne bloggen nyttar eg Bygdebok Rauma som samleomgrep, og ev. førebels bindtittel når eg skriv om enkelte område.

Slike bøker blir oftast skrivne etter ein nokså fast disposisjon:
– Innleiing
– Gardshistoria
– «Slektshistoria»

Innleiinga vil bli trykt i første bindet. I kvart av dei etterfølgjande binda kjem så stoffet ordna i kapittel med det eg kallar hovudgardane (namne- eller matrikkelgardane) som kapittelskilje.

Eg har sett slektshistorie i hermeteikn, fordi det er eigentleg ikkje slektshistorie i ordets korrekte tyding ein finn i slike bokverk. Det er meir eller mindre eit historisk befolkningsregister for området bokverket dekkjer. Der finn ein namn, relasjonar (familie- med meir) og bustader (gardar, plassar, bustadhus) folket har budd på, normal frå midten av 1600-talet til trykketidspunkt. I Bygdebok Rauma er hovuddelen av dette registeret under arbeid av oss, utført av Ole Martin Sørumgård, gjennom samarbeidsavtala.

Men kva er (blir) så gardshistoria i Bygdebok Rauma? Det er det nok for tidleg å bestemme i detalj, men eg har ein del tankar eg legg til grunn i arbeidet framover. For det første, innleiinga vil bli trykt i første bindet. I kvart av dei etterfølgjande binda kjem så stoffet ordna i kapittel med det eg kallar hovudgardane (namne- eller matrikkelgardane) som kapittelskilje.

Tidlegare i prosessen har det vore drøfta om ein skal legge opp til eit slag «grendehistorier», ei forteljing som tek for seg eit større område enn ein gard, sjølv om han har mange bruk. I Lesjabøkene skreiv eg slike innleiingar, som etter grundige drøftingar med bygdeboknemnda vart samanfallande med dei skulekretsane som var i kommunen fram til like etter krigen (døme Lyftingmo). Desse ‘grendene’ følgde ein nokså streng disposisjon; dei same temaa er behandla i alle samen, med litt avvikande omfang for nokre grender (t.d. er det lagt litt meir vekt på turismen under omtalen av Bjorli-grenda).

Men det er altså gardshistoria som er det temaet eg føler eit relativt tungt ansvar for, og det kjem eg tilbake til i neste innlegg