Om oss

Snøhetta forlag a.s vart etablert i 1993 av Arnfinn Kjelland og Bjarne Fossøy. Dei første prosjekta forlaget involverte seg i var den fjerde boka i serien Ordhittug døl av Audun Høgbrenna og kokebokprosjektet til Lesja bygdekvinenlag, som vart gjeve ut i 1995 med tittelen Mat frå gard og grend. Seinare har vi gjeve ut ei lang rad bøker, sjå eiga bokprosjektside.

I 1996 vart Arnfinn så kontakta av Lom kommune i samband med at bygdebokforfattaren, Jon Kolden, døydde plutseleg. Arnfinn vurderte materialet Kolden hadde samla, og gav kommunen eit tilbod om fullføring av verket på vegner av forlaget. I den samanhengen vart Ole Martin Sørumgård engasjert for å behandle den databasen Kolden hadde samla i programmet Ættesoge. Arnfinn redigerte og kompletterte gardshistorietekstane, og Bjarne redigerte og skreiv inn informasjon innsamla lokalt. Vi fullførte Bygdabok for Lom, utgjeve med Kolden som forfattar, i fire band i 2008.

Erfaringane frå Lom-prosjektet låg til grunn for utviklinga av dataprogrammet Busetnadssoge (BSS) i 2000-04, utført av Ole. Parallelt tok Arnfinn på seg ansvaret for to prosjekt, Sulasoga og Busetnadssoga for Volda, som òg aksepterte å vere pilotprosjekt for utvikling av BSS.