Busetnadssoge – BSS

Busetnadssoge (BSS) er eit dataprogram for skriving av bygdebøker av gards-og ættesoge-sjangeren – eller som vi meiner er ei meir korrekt sjangenemning: busetnads- og befolkningshistorie.

Programmet vart utvikla i åra 2000-2004 og vart bruk til første band av Sulasoga, som vart lansert 9. desember 2004.

Seinare har følgjande prosjekt starta opp:

Busetnadssoga for Volda
Heimar og folk, Herøy
Haram bygdebok
Stor-Elvdal bygdebok
Vang bygdebok
Ullensvang bygdebok
Bardu bygdebok
Høland og Setskog bygdebok

Dessverre bygger programmet på ein utdatert database, Paradox. Det fungerer ikkje utan vidare på maskiner med operativsystem nyare enn win 7, så det er usikkert om vi kan vere med på å starte nye prosjekt med programmet.